Me er begeistra over å kunne presentere at stjerneskuddet Tobias Sten kjem for å halde konsert på årets Rema 1000 Handballfestival.
Sten har på rekordtid etablert seg som ein av Norges mest populære artistar og er ein ny og spanande stemme innan country. Med låtar som «Heim te ståvo»,«Eli», «Ka visste eg», «Fy faen du edeili» og «Ingen her e deg» med Synne Vo har han sunge seg rett inn i hjarta til det norske folk. 22-åringen frå Stord skriv nære og ekte tekstar om eigne erfaringar. Desse ærlege tekstane har allereie gjeve han ein engasjert og raskt veksande fanskare. Hans sjølvtitulerte debutalbum gjekk rett inn #1 med eit stort antal av låtane øvst på dei norske hitlistene, fleire av dei heilt til topps. Han avslutta 2025 med ein utselet haust- og vinter-turné, og no glede han seg til å spele for handballglade festivaldeltakarar under årets festival.
Tobias Sten er ein mektig formidlar med eit arsenal av sterke låtar og ein tryggheit på scena som gjer han og hans fantastiske band til ein liveoppleving som osar av speleglede. Me gler oss stort til å sjå Sten og bandet på scena i den nye ishallen søndag 24.05.26.






















