På laurdag vert Leirvik sentrum fylt med fleire tusen spelarar, trenarar, foreldre og tilskodarar når årets festivaltog går frå Vikastemmo til torget.
Frå opninga av fjorårets festival
Dette markerar den offisielle opninga av Rema 1000 Handballfestivalen 2026, og i år vert dette gjort på Haugaland Kraft-scena. Med dette markerar Haugaland Kraft seg som ein god samarbeidspartnar som bidreg til eitt av dei mest folkekjære og stemningsfulle høgdepunkta under festivalhelga!
Laurdag 23. mai klokka 11.15 startar det tradisjonsrike festivaltoget frå Vikastemmo ved Andadammen før fleire tusen deltakarar beveger seg gjennom sentrumsgatene mot torget i Leirvik. Der blir festivalen offisielt opna frå scena klokka 12.00.
Eit av dei store høgdepunkta kvart år
Festivaltoget har over mange år utvikla seg til å bli eitt av dei store høgdepunkta under Rema 1000 Handballfestivalen. Med kostyme, musikk, flagg og ekte karnevalsstemning fyller barn og ungdom sentrum med energi og liv.
Festivalleiinga omtalar sjølv toget som eitt av dei største høgdepunkta i heile turneringa, og i år vil Haugaland Kraft setja sitt tydelege preg på scena og opninga på torget.
– Me er svært glade for at Haugaland Kraft ønskjer å vera med og skapa ramma rundt opninga av festivalen. Festivaltoget og opninga på torget er noko heilt spesielt. Det handlar om mykje meir enn handball – det handlar om fellesskap, stemning og gode opplevingar for tusenvis av barn og unge, seier Andreas Bakke i Stord Handball.
Viktig å bidra til aktivitet og fellesskap
Haugaland Kraft har over lang tid vore ein viktig bidragsytar til idrett, kultur og aktivitet i regionen. Selskapet ønskjer å støtta arrangement som skapar engasjement, samhald lokalt og bidreg til at barn og unge får gode oppvekstvilkår.
– Rema 1000 Handballfestivalen er eit fantastisk arrangement som betyr mykje for heile regionen. Når tusenvis av barn og ungdom samlast til aktivitet, vennskap og gode opplevingar, er det viktig for oss å bidra. Dette skapar verdi langt utover sjølve handballkampane, seier Gunn Margareth Lassesen som er direktør for kommunikasjon og kundetjenester i Haugaland Kraft.
Selskapet trekk også fram frivilligheita som ein viktig grunn til å engasjera seg.
– Det ligg ein enorm dugnadsinnsats bak festivalen, og me har stor respekt for arbeidet som blir lagt ned av frivillige, klubben og alle som bidreg til å skapa denne folkefesten, avsluttar Lassesen.
Festivalen veks vidare
Rema 1000 Handballfestivalen samlar i 2026 heile 478 lag til Stord gjennom pinsehelga og er større enn nokon gong. Samtidig utviklar festivalen seg stadig vidare med meir aktivitet, større opplevingar og eit breiare innhald både på og utanfor handballbanen.
Opninga på Haugaland Kraft-scena blir startskotet for fleire dagar fylt med handball, aktivitetar, konsertar og sosialt fellesskap på Vikahaugane og i sentrum.
– Me ønskjer at festivalen skal vera ei totaloppleving for alle som kjem til Stord. Då betyr samarbeidspartnarar som Haugaland Kraft veldig mykje. Dei bidreg ikkje berre økonomisk, men er også med på å skapa stemning, identitet og opplevingar rundt arrangementet, seier Bakke.




























