Frukost og middag vert servert laurdag, søndag og måndag i Turnkassen i Nyehallen. 

Laurdag
Frukost kl. 07.00-10.30
Middag kl. 13.00-17.00

Søndag
Frukost kl. 07.00-10.30
Middag kl. 13.00-17.00

Måndag
Frukost kl. 07.00-10.30
Middag kl. 12.30-16.00

Spelarar og lagleiarar med A-kort kan kjøpe middag om måndagen for 100 kr. per person. 
Spelarane og lagleiarane som ikkje har A-kort kan kjøpe middagar som vert servert i matsalen laurdag-måndag. Prisen er 100 kr per person per middag.   

Me har rekordpåmelding til årets turnering, og me veit at det blir stort trykk på matsalen. Søylane under viser klokkesletta kor me forventar at flest deltakarar vil eta frukost og middag.   

Matallergiar
Det er viktig at ein kryssar av for Gluten-, Laktose- eller Nøtteallergi når ein legg inn deltakarkorta. Dersom det er andre allergiar/omsyn som må takast, kan ein bruke fritekstfeltet under «Annet» på deltakarkort-registreringa. Ta kontakt med oss dersom noko er uklart.